Quantcast
Channel: YouTube – Boba.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11

K’harma Leeds: Shove It

$
0
0

Dette er utan tvil ein superhit:

Hehehehe.

Denne musikkvideoen såg me så vidt på ein fjernsynsskjerm i filmen Delirious, som vart vist under Kosmorama-festivalen. K’Harma Leeds er ein songar/superstjerne som Britney Spears for fire-fem år sidan (altså før K-Fed og Jason Allen Alexander, sånn om lag rett etter Justin Timberlake men før Fred Durst … og no skremde eg nett vettet av meg sjølv som faktisk hugsar slikt!), og i filmen er ho plaga av paparazzoar og ein vulgær og ekkel kjæraste. Me følgjer ein av paparazzoane, Les Galantine (glimrande spelt av Steve Buscemi), og den heimlause Toby Grace på jakt etter biletet med stor B.

Filmen har, så vidt eg har fått med meg, enno ikkje fått distributør her i Noreg. Kva verre er, han har heller ikkje fått USA-premiere, men han vart sluppe i Spania no på fredag. Eg vonar han kjem til Noreg snøgt, for denne har eg lyst til å sjå om att. Inntil då har eg i alle fall denne festlege musikkvideoen å kosa meg med.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 11