Eg bruker mykje tid på YouTube, og har lyst til å reflektere litt over visningsstatistikk. Dette blir eit keisamt metainnlegg mest for eiga interesse, men med litt velmeinte råd om «algoritmen» sist.
Eg lastar opp videoar av og til, men kanalen min er ganske liten. Dei fleste videoane mine får berre mellom 10-20 visningar den fyrste veka. Det er heilt greitt – eg er ikkje så aktiv, og klarar difor ikkje å byggja ein sjåarmasse.
For litt over veke sidan la eg ut ein parodi av «Venner for livet» og stortingsvalet, og nytta høvet til å følgja litt med på statistikken. Sju dagar etter opplasting hadde videoen hatt 50 visningar. Det er jo ikkje så verst samanlikna med normalen, sjølv om videoen ville nådd ut til 100-200 på ei veke i gamle YouTube.
Eg har spreidd videoen på vanleg vis: YouTube, SnapChat 1, Twitter, Boba.no og SMS. Det er 27 tingarar av YouTube-kanalen. På Twitter har eg 415 følgjarar, og kring 60 på Snap. Vitjartalet på Boba.no varierer frå veke til veke (og det kan jo gå månader mellom kvar gong eg legg ut nye innlegg her), men den siste tida er det kring 20 nye vitjarar i veka. Ikkje dei store tala altså, men i teorien skulle eg ha klart å nå ut til 500 personar.
Det klarte eg altså ikkje. Her er eit kakediagram som viser fordelinga av dei 50 visningane:
Berre fire visningar kjem frå YouTube-tingingar. Fem visningar kjem frå Twitter. To visningar kjem frå Boba.no. Elleve visningar kjem frå brukarar som har klikka seg inn frå kanalsida mi. Dette er (truleg) frå SnapChat.
Dei fleste visningane får eg frå YouTube-søk, og det er interessant. Det tyder at eg bør tenkje nøye gjennom tittel, tekst og emneknaggar. Men det er også interessant å samanlikna visningar med følgjarar på dei ulike plattformane der eg har spreidd videoen. Då har eg altså nådd ut til ca. 15 % av YouTube-tingarane, 1 % av Twitter-følgjarane, 10 % av Boba.no-vitjarane og 18 % av SnapChat-venene mine.
Eg når altså best fram på SnapChat, kor folk må opne nettlesaren, skrive inn adressa til kanalen og klikke seg inn på rett video. Dette heng jo ikkje saman! Logisk skulle ein forventa at videoen ville nå best ut blant YouTube-brukarane som har tinga YouTube-kanalen og dimed faktisk bede om å få sjå den i YouTube-straumen sin. Kva ellers er poenget med å tinga YouTube-kanalar? Verst skulle ein tru SnapChat ville vere, sidan denne plattformen har den desidert høgaste terskelen for engasjere.
Dei veike tala på Twitter forstår eg litt betre. Twitter er ein kontinuerleg straum av innlegg, og du når aldri ut til alle følgjarane dine. Dette har både med tidspunktet du postar på og innhaldet i twittermeldinga. Ein nynorsk tweet om målsaka treff til dømes dårleg klokka 3 om natta, men kan gjere det godt kring lønsjtid. Ein heilt vanleg tweet frå meg når normalt 5–50 % av følgjarane mine.

Visningar dei fyrste 48 timane
Historia er annleis med YouTube. Som dokker såg av kakediagramet eit par avsnitt over, fekk eg fleire treff frå søk og andre funksjonar enn eg fekk frå tingarane mine. Dette, trur eg, er på grunn av «algoritmen». YouTube (og Twitter, Facebook, Google, mfl.) plasserer deg i ei filterboble. Du får ikkje sjå innhaldet du vil sjå, men får i staden opp det innhaldet som plattform-algoritmen trur at du vil sjå basert på ting du har sett tidlegare. For enkelte fungerer dette fint, men algoritmen bommar ofte. (Eg fekk til dømes veldig snodige forslag på eBay etter eg kjøpte underdrakt til Stormtrooper-rustningen min.) Ein gjengangar-feil som folk melder til YouTube er at videoane dei faktisk vil sjå aldri dukkar opp i straumen deira.
SnapChat har ingen slik algoritme. Du får sjå alle snappane du har bede om å få sjå. Når eg får fleire visningar på ein plattform med høg terskel for engasjement enn på plattformen der videoen faktisk ligg, må eg tru at algoritmen ikkje fungerer.
Du kan unngå filterbobla. Faktisk, eg vil argumentere for at du bør unngå filterbobla, slik at du får det innhaldet du har bede om. Ein ekstra gevinst er at straumen din ikkje blir eit ekkokammer. Her har eg samla nokre tiltak:
- YouTube: Bruk youtube.com/feed/subscriptions i staden for den algoritmestyrte framsida.
- Twitter: Skru av «Show me the best…» under Settings – Account – Content.
- Facebook: Vel «Most Recent» i staden for «Top Stories» under News Feed. Men merk at Facebook er meir interessert i annonsørane enn brukarane, så dei slår på algoritmen automatisk igjen etter ei stund. 🙁
- Instagram: Sorry, det er ikkje mogleg å skru av algoritmen her. 🙁
- Dei sosiale media generelt: Pass på kva slags kontoar du følgjer. Det er lurt å følgje ulike kontoar, ikkje berre dine nærmaste meiningsfellar. Følgjer du t.d. Raudt, er det også lurt å følgja Framstegspartiet.
- Google: Slå av loggføring av aktivitet (søkjehistorikk) under Min konto – Administrer Google-aktiviteten – Aktivitetslagring.
Eller endå betre: bruk den alternative søkjemotoren DuckDuckGo. - Ute på nettet: Bruk eit nettlesar-tillegg som Privacy Badger eller Ghostery. Viss du ikkje har/kan ha tillegg innstallert i nettlesaren din, så tilrår eg at du fjernar informasjonskapslane dine etter bruk. Trykk Ctrl Shift Delete (Command Shift Delete på Mac) for å slette infokapslane manuelt, eller sjå i nettlesarinnstillingane om du kan slette informasjonskapslane automatisk ved avslutning.
Heil til sist, her er videoen igjen: youtu.be/gIG_Epfposg.
Og bruk røysteretten!
- Snap-delingar gjorde eg på «My Story» med ein tekst som nemnde «YouTube.com/SimonBoba»